Tur til Odalsskøyta

Postet av Gisle Eide den 1. Nov 2015







Skøytegruppa arrangerer tur til løpet Odalsskøyta på Hamar 21.-22. november.
Løpet er for alle – også dei minste rekruttane.

500,- I TILSKOT PR LØPAR

Skøytegruppa sponsar kvar løpar med kr. 500 på denne turen. I tillegg dekker vi iskort (inngang + tilgang på isen) i Vikingskipet både fredag, laurdag og sundag. Startkontingent på løpet dekker gruppa også.

ISØKT FREDAG KVELD

For dei som har høve til å reise litt tidleg satsar vi på ei økt på isen fredag kveld. Vi møtast då ved inngangen til Vikingskipet kl. 17:00 til oppvarming. Det er fint for løparane å få prøve inne-isen litt før dei skal gå løp på den.


MIDDAG LAURDAG KVELD
Laurdags kvelden samlast vi også til felles middag på ein pizza-restaurant eller liknande. På denne måten får vi eit sosialt møtepunkt også utanfor isen.



BINDANDE PÅMELDING
Bindande påmelding til Britt Karin Eidsberget på tlf. 957 30 852 innan 5. november. Vi har førehandsbestilt rom, derfor bindande påmelding.



Vi håpar mange vil vere med oss på tur.



Helsing styret i skøytegruppa






Kommentarer

0 Kommentar

Captcha
eller registrer deg
Powered by: Bloc