SKØYTESKULE PÅ GLITRE

Postet av Gisle Eide den 6. Jan 2015




SKØYTESKULE

Skøytegruppa har skøyteskule for ALLE på Glitre stadion på Gol.
Dei som vil vere med, møter fram på skøytebana torsdagane kl. 18.00.
Vi held på ca 1 time.
NB! Er det under -15 avlyser vi.
Ein del torsdagar i vinter arrangerer vi klubbløp for alle. Då er det også sal av vaflar, kaffi og saft i klubbhuset.
Har du ikkje skøyter, kan du leige det ved skøytebana. Vi har både lengdeløps- og hockeyskøyter.
Vaksne som vil gå på skøyter (prøve å gå på skøyter) er også hjarteleg velkomne. Foreldre og besteforeldre (og andre) må gjerne ta med skøyter og følgje borna på isen.
Ver med å ha det gøy på isen du også! Born i alle aldrar er velkomne!




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc