Flotte forhold - 2 banerekordar

Postet av Gisle Eide den 12. Jan 2015


Gol sine eigne løparar under norgescupstemnet 10. og 11. januar: F.v. Hilde Magnetun Brennhovd, Birgit Eide, Nille Faleide og Ole Henrik Haugen.

Trass snøvêret på laurdagen var isen og baneforholda på Glitre heilt topp. Mange sette personlege rekordar og det vart sett 2 banerekordar på Glitre. Frida van Megen frå Fana sette banerekord på 3000 for kvinner og Sindre Henriksen, også frå Fana, sette banerekord på 3000 for menn.
Gol sine eigne løparar gjorde også ein flott innsats. Nille Faleide vart nr. 1 i klasse kvinner senior sprint, medan Hilde Magnetun Brennhovd vart nr. 2 i klasse kvinner junior sprint. Juniorane Birgit Eide og Ole Henrik Haugen sette fine personlege rekordar under stemnet.
Sjølv om orkanen "Nina" herja rundt oss på fleire kantar var det berre snøen som nådde Glitre stadion. Med gode banemannskap vart det likevel uproblematisk å arrangere skøyteløp på Gol; ein kjempeinnsats av banemannskapa.



Gode banemannskap er heilt nødvendig når snøen lavar ned.

BERRE 40 DELTAKARAR
Det einaste negative med stemnet denne helga var alle dei aktive toppløparane som ikkje hadde meldt seg på. Vi hadde håpa på i alle fall 60-70 deltakarar. Berre dei 40 tøffaste stillde opp på norgescup på Gol. At mange av dei løparane som oppnår dei beste tidene innandørs vel å kutte ut løp utandørs er trist. Er dei aktive i ferd med å bli ein gjeng med pyser som berre kan utøve idretten sin inne og i plussgrader? At landslaget vel å legge treningssamlingar slik at løparane ikkje kan delta på utandørs norgescup er også eit stort tankekors. Vi utfordrar dei ansvarlege i skøyte-Norge til å ta grep her før det er for seint!


Det skal stort mannskap til for å arrangere eit norgescupstemne. Her skimtar vi "gutta i speakerbua": F.v. speaker Per Helge Myklebust, Svein Arne Nymoen, Oddbjørn Jorde og Geir Brennhovd (alle foto: Kari Kaupang Eide).


Sjå facebook-sida vår for fleire bilete.







Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc