Isen klar på Glitre

Postet av Gisle Eide den 24. Nov 2015

NY SKØYTESESONG I GANG

Skøytegruppa har stått på med å lage is på skøytebana på Glitre. Ein kjempejobb er gjort både seint og tidleg. Endeleg var isen på sjølve ringen klar til bruk sundag 22. november. Mannskapa jobbar også med å gjere klar indre bane. Vi håpar på stabile vêrforhold framover, slik at vi kan få nytta den flotte isflata.

Torsdag 26. november er første torsdag med skøyter, vaffel, kaffi og saft. Vi ønskjer skøyteinteresserte velkomne til ein ny, triveleg skøytesesong på Glitre.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc