Tur til Hamarleikane

Postet av Gisle Eide den 8. Des 2015

Skøytegruppa arrangerer tur til løpet Hamarleikane på Hamar 9.-10. januar.
Løpet er for klassane rekrutt tom. junior B.

DEKNING FRÅ GRUPPA
Skøytegruppa dekker iskort (inngang + tilgang på isen) i Vikingskipet både fredag, laurdag og sundag. Startkontingent på løpet dekker gruppa også.


MIDDAG LAURDAG KVELD
Laurdags kvelden samlast vi også til felles middag på ein pizza-restaurant eller liknande. På denne måten får vi eit sosialt møtepunkt også utanfor isen.


BINDANDE PÅMELDING
Bindande påmelding til Britt Karin Eidsberget på tlf. 957 30 852 innan 17. desember. Vi har førehandsbestilt rom, derfor bindande påmelding.


Vi håpar mange vil vere med oss på tur.


Helsing styret i skøytegruppa




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc