Hallingdalskarusellen program
Postet av Gisle Eide den 2. Feb 2020
Hallingdalskarusellen er eit stemne som går over to dagar. Laurdag 22. og sundag 23. februar. I år vert begge dagane arrangerte på Gol.
Start laurdag kl 12:00 og sundag kl 11:00, rekruttar i pausen begge dagar.
Det vil bli premieutdeling etter kvar dag. Det er vandrepokal til beste klubb samanlagt etter begge stemna. Pokalen må vinnast tre gonger, for å få den til "odel og eige". Alle klassar utanom rekrutt er med i poengberekninga.
Distansar:
Rekruttar: 100/400/500 (max 2 dist.)
10 år: 400 - 500
11 år: 500 - 1000
12 år og jr. C: Laurdag:500 - 1500 Sundag: 500 - 1000
jun B/A/Sen /Veteran: Laurdag:500 - 1000 eller 500 - 3000 Sundag: 500 – 1000
Laurdag er det innlagt KM for Buskerud skøytekrets for 12 år og oppover. KM er enkeltdistansar. Frå jr. B er det 500 og 3000 som er KM-distansar. Merk KM i påmeldinga for dei som vil delta på det.
Stafett
4 x 400m, max 55 år til saman. Stafetten går til slutt på laurdagen. Lever lagoppstilling til sekretariatet før stemnestart. Siste frist etter første distanse.
Startkontingent kr. 160,- pr. dag / rekruttar kr. 80,- pr. dag.
Startkont. betalast på førehand til konto 2324.07.19290.
Overnatting sjå www.pers.no .
Påmelding til golilskoytegruppe@gmail.com innan 17.02.2019.
Evt. spørsmål til stemnet kan rettast til ohjorde@gmail.com , evt. mobiltlf. 90556398.
0 Kommentar
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gisle Eide

HALLINGDALSKARUSELLEN 2020
21.02.2020

Sesongavslutning
09.04.2019

Hallingdalskarusellen 2019
29.01.2019

Tidlegare sprint-meistrar
27.12.2018

Klubbrekordar
27.12.2018